Takk for musikken, Monica

Det var med stor sorg og tungt hjarta vi mottok bodskapen om at våre kjære medmusikant og solohornist Monica Vabø Reigstad måtte gi tapt i kamp mot sjukdomen. Monica hadde eit inderleg spel, vakkert og fullt av kraft. Det er så uendeleg trist at vi ikkje skal få høyre melodien hennar igjen.

Vi fekk 10 flotte år med erfaring og lidenskap i samspel. Hennar engasjement for korpset var tydeleg gjennom å alltid vera budd og tilstades, i tillegg til at musikken alltid kom frå hjarta. Ho var tøff og sterk med stor kapasitet. Sjølv under kampen mot sjukdomen kom ho på øving når helsa tillet det. Takk for musikken. 

Monica var også leiar i skulevesenet og instrumentallærar ved Manger Folkehøgskule.
Hennar musikalske bakgrunn fekk ho gjennom Seim Skulekorps, Alversund Musikklag, Haukås Skolekorps, Oster Brass , Gøteborg Brass, EBML (1992 -2013..) og Bjørsvik Brass (2013). Ho fostra opp generasjonar av althornistar med opplæring og støtte som den rause og inkluderande personen ho var.

Vi vil sakne Monica djupt.
Våre tankar går til familien – medkjensle i sorga.

Eit døme på den vakre klangen til Monica
Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s