Bjørsvik får svingt seg med dirigenttalent

Dirigentlærar: Andreas HansonVil du læra tips og triks for dirigentar? Vil du sjå erfarne korpsfolk sveitta under ny leiing? Eller vil du berre høyra musikkperler under konsentrert innøving?

Laurdag 7. desember får du sjanse til alt dette. Vi i Bjørsvik brass gler oss til å vera vertskorps for dirigentlaben!

Flotte dirigentar kjem til oss for å læra mer om det å førebu og framføra musikk med korps, med Andreas Hanson (biletet) som kyndig rettleiar og lærar. Arrangementet er i samarbeid med Dextra Musica, og det er ope for publikum.

Repertoaret for dagen er av ypperste klasse:

  • Herbert Howells – Pageantry
  • John Ireland – A Downland Suite
  • Eric Ball – Exodus

Ta turen innom Lungegaarden konsertarena på Minde laurdag frå klokka 11 hvis du har lyst til å vera publikum! Det blir kjekt å sjå deg. 💜

Reklame

Bjørsvik feirer 5. plassen i NM!

Etter å ha spelt opp mot vårt beste både fredag og laurdag vart vi heidra med ein flott 5. plass! Vi fekk 90 poeng på begge framføringane.

Takk for fine tilbakemeldingar på scena, etterpå og på sosiale media!
Det var tydeleg at folk likte Paganini Variations..

Her er nokre tweets:

Continue reading «Bjørsvik feirer 5. plassen i NM!»

Bilete frå NM 2014

Takk til Strilen som tok gode bilete og laga denne saka om oss.

Bjørsvik tok 4. plassen

Etter å ha spelt opp mot vårt beste både fredag og laurdag vart vi heidra med ein flott 4. plass!

Vi feirar med god mat og drikke på hemmeleg adresse…

Straks er det fest i Grieghallen og sånn.
Takk til Andreas som har dirigert oss. Det har vore ei glede.

Vi gratulerer alle Noregsmeistarar!