I år får konseptet Bjørsvik Ung Brass ny drakt! Vi prøver vi eit nytt konsept der ei gruppe frå Bjørsvik Brass, i samarbeid med skulekorps og dirigenten, stiller på øvinga til eit utvalgt korps, og er med i oppstart av eit nytt repertoar. Fyrste korps ut er Minde Skoles Musikkorps og Paradis skolekorps. Me gler oss!

Bakgrunn
Mange av våre medlemmar kjem frå små korps, der ildsjeler har vore sentrale for at skulekorpset «vårt» i det heile skulle eksistere. Dette gjeld både leiarar og dirigenter. Me veit kor tøft det kan vera å byggje opp eit skulekorps med svingning i antal musikantar, og kor vanskeleg det kan vera å halde på dei eldste. Dette var årsaka til at mange av oss var med på å setje igang EB 2000, feriespel, instrumentaldagar, sit-inn og EB-Junior når me spelte i EBML. Vårt bidrag heiter BUB, Bjørsvik Ung brass.
Dei siste 5 åra har vi hatt ulike typar BUB-arrangement, som helgesamlingar og talentkonsert for skulekorpsa. No ser vi at liknande tiltak breier seg ut og blir ein del av sesongplanen til mange korps i området. Det er veldig flott!
Dersom fleire skulekorps som er interessert i å få besøk av ein gjeng frå Bjørsvik våren 2020, er det bare å ta kontakt!