«Velkommen tilbake» er vår fyrste konsert i 2021.

Hold av 26. september i Eidsvåg kirke!
Erfaring og lidenskap i samspel
Før vi gjekk på brassnight på lørdag, vart Andreas Hanson vårt andre æresmedlem, som eit teikn på vår takksemd for kva han har gjort for oss og rørsla over mange år!
Det var etter to gode framføringar under årets NM, og etter å ha samarbeida godt i mange år, at eit unisont Bjørsvik ville utnevne vår kjære Andreas til æresmedlem.
Vi ser fram til mange spennande prosjekt i framtida, som til dømes konsert og cd-innspeling i England til høsten!
Vil du læra tips og triks for dirigentar? Vil du sjå erfarne korpsfolk sveitta under ny leiing? Eller vil du berre høyra musikkperler under konsentrert innøving?
Laurdag 7. desember får du sjanse til alt dette. Vi i Bjørsvik brass gler oss til å vera vertskorps for dirigentlaben!
Flotte dirigentar kjem til oss for å læra mer om det å førebu og framføra musikk med korps, med Andreas Hanson (biletet) som kyndig rettleiar og lærar. Arrangementet er i samarbeid med Dextra Musica, og det er ope for publikum.
Repertoaret for dagen er av ypperste klasse:
Ta turen innom Lungegaarden konsertarena på Minde laurdag frå klokka 11 hvis du har lyst til å vera publikum! Det blir kjekt å sjå deg.
I år får konseptet Bjørsvik Ung Brass ny drakt! Vi prøver vi eit nytt konsept der ei gruppe frå Bjørsvik Brass, i samarbeid med skulekorps og dirigenten, stiller på øvinga til eit utvalgt korps, og er med i oppstart av eit nytt repertoar. Fyrste korps ut er Minde Skoles Musikkorps og Paradis skolekorps. Me gler oss!
Bakgrunn
Mange av våre medlemmar kjem frå små korps, der ildsjeler har vore sentrale for at skulekorpset «vårt» i det heile skulle eksistere. Dette gjeld både leiarar og dirigenter. Me veit kor tøft det kan vera å byggje opp eit skulekorps med svingning i antal musikantar, og kor vanskeleg det kan vera å halde på dei eldste. Dette var årsaka til at mange av oss var med på å setje igang EB 2000, feriespel, instrumentaldagar, sit-inn og EB-Junior når me spelte i EBML. Vårt bidrag heiter BUB, Bjørsvik Ung brass.
Dei siste 5 åra har vi hatt ulike typar BUB-arrangement, som helgesamlingar og talentkonsert for skulekorpsa. No ser vi at liknande tiltak breier seg ut og blir ein del av sesongplanen til mange korps i området. Det er veldig flott!
Dersom fleire skulekorps som er interessert i å få besøk av ein gjeng frå Bjørsvik våren 2020, er det bare å ta kontakt!
Då er vi straks klare for å starte på ein ny sesong. Det blir gøy!
Vi ynskjer å takke dei som ha valgt å gi seg i etter forrige sesong.
Hjarteleg takk for alle bidrag gjennom ei årrekke.
Det er alle bidraga som gjer Bjørsvik til Bjørsvik.
Vi ser dykk igjen ein dag, enten på øving, konsert eller fest.
Vi gler oss til å spele saman med dåke
Vår nye faste dirigent er
Magnus Brandseth.
Han vil jobbe med oss gjennom sesongen.
Korpset er imponert over Magnus sine mad-skills som dirigent og gler seg til samarbeidet.
Då er NM over for i år.
Det vart ei god helg både musikalsk og resultatmessig.
Vi er meir enn nøgde med å bli plassert som nummer fire.
Likevel er det tilbakemeldingane frå publikum og kjensla ein får i Grieghallen som er aller best..
Vårt høgdepunkt var nok framføringa av Journey Into Freedom av Eric Ball; ein klassikar!
Hjarteleg takk for alle som høyrde på!
Vi gratulerer alle vinnarar, og Eikanger – Bjørsvik Musikklag spesielt! Det er eit imponerande nivå.
Alle bilda i galleriet er tekne av John Vint sjå fleire bilete her.
Her kan du få litt bakgrunnsinfo på kvifor vi valgte å spele «Journey»!
Det må feires:
I år har korpset satt sammen siddis-programmet med perler fra tre verdenshjørner, arrangert av musikere som mange av oss har jobbet tett med gjennom tiår.
Et virkelig A-lag; Howard Snell, Ray Farr, Svein Henrik Giske og Reid Gilje.
Vår dirigent: Bengt Florvåg
Siddis-08 var noe av det første korpset, med de noe eldre medlemmene, gjorde…
Vi spilte i kjelleren på Clarion og dirigent var Eirik Gjerdevik, som nå har avansert til tubaist i korpset..
Aram Ilyich Khachaturian. Født i 1903 i Tbilisi, Georgia av armensk familie. Flyttet til Continue reading «Decade»
Konsert: Bjørsvik Ung: Solo
Når: 6. oktober kl. 17:00–19:00
Kvar: Lungegaardens Kulturarena, Kanalveien 90, 5221 Bergen, Hordaland
Facebook-event
Unge talent framfører solo akkompagnert av Bjørsvik Brass.
I fleire år har Bjørsvik Brass arrangert Bjørsvik Ung Brass med hensikt å inspirere dei unge utøvarane.
Denne konserten har den samme visjon;
Å inspirere dei unge talenta,
som igjen inspirerer dei yngre talenta,
som igjen inspirerer dei endå yngre talenta,
som igjen inspirerer dei endå, endå yngre talenta,
som igjen inspirerer dei endå, endå, endå yngre talenta…
Vi kjem med meir informasjon om solistar og program framover, og kan love inspirasjon og ei god stund til alle som kjem…
Gratis for skulekorpsmedlemmar, naturlegvis!
Også i år blir NM direktesendt på nettet.
Her kan du sjå direktesending frå Griegsalen
Info om pliktnummeret – Info om sjølvvald
Her er ein smakebit av laurdagens program: