Velkommen tilbake

«Velkommen tilbake» er vår fyrste konsert i 2021.

Hold av 26. september i Eidsvåg kirke!

Reklame

The present age

Kom på konsert i Korskirken 11. oktober kl 1730!

Bjørsvik brass med dirigent Magnus Brandseth inviterer til konserten «The present age»
Program:
Centaur (Broadbent)
The March back to Camp (Snell)
The Old Couple (Snell)
Tone Poem – The Present Age (Leslie Condon)
-Pause-
Praise (Heaton)
Lento (Heaton)
Abide with Me (Monk, trans. Haukås)
Penlee (Dobson)


Ny æresmedlem: Andreas Hanson

Før vi gjekk på brassnight på lørdag, vart Andreas Hanson vårt andre æresmedlem, som eit teikn på vår takksemd for kva han har gjort for oss og rørsla over mange år!

IMG_4539

Det var etter to gode framføringar under årets NM, og etter å ha samarbeida godt i mange år, at eit unisont Bjørsvik ville utnevne vår kjære Andreas til æresmedlem.

Vi ser fram til mange spennande prosjekt i framtida, som til dømes konsert og cd-innspeling i England til høsten!

Bjørsvik Ung Brass 2019

I år får konseptet Bjørsvik Ung Brass ny drakt! Vi prøver vi eit nytt konsept der ei gruppe frå Bjørsvik Brass, i samarbeid med skulekorps og dirigenten, stiller på øvinga til eit utvalgt korps, og er med i oppstart av eit nytt repertoar. Fyrste korps ut er Minde Skoles Musikkorps og Paradis skolekorps. Me gler oss!

BUB bred

Bakgrunn

Mange av våre medlemmar kjem frå små korps, der ildsjeler har vore sentrale for at skulekorpset «vårt» i det heile skulle eksistere. Dette gjeld både leiarar og dirigenter. Me veit kor tøft det kan vera å byggje opp eit skulekorps med svingning i antal musikantar, og kor vanskeleg det kan vera å halde på dei eldste. Dette var årsaka til at mange av oss var med på å setje igang EB 2000, feriespel, instrumentaldagar, sit-inn og EB-Junior når me spelte i EBML. Vårt bidrag heiter BUB, Bjørsvik Ung brass.

Dei siste 5 åra har vi hatt ulike typar BUB-arrangement, som helgesamlingar og talentkonsert for skulekorpsa. No ser vi at liknande tiltak breier seg ut og blir ein del av sesongplanen til mange korps i området. Det er veldig flott!

Dersom fleire skulekorps som er interessert i å få besøk av ein gjeng frå Bjørsvik våren 2020, er det bare å ta kontakt!

Sesongen er straks i gang

Då er vi straks klare for å starte på ein ny sesong. Det blir gøy!

Takk for musikken

Vi ynskjer å takke dei som ha valgt å gi seg i etter forrige sesong.

    • Svein Henrik Giske
      Principal fra fyrste dag og mykje meir.
    • Anne-Rose Joys
      På kornett i alle dei 10 åra.
    • Christian Breistein
      Tubaist i fleire sesongar.
    • Therese Hauge
      Styreleiar og hornist sidan starten
    • Monica Rydland
      Kornett og komitearbeid

Hjarteleg takk for alle bidrag gjennom ei årrekke.
Det er alle bidraga som gjer Bjørsvik til Bjørsvik.
Vi ser dykk igjen ein dag, enten på øving, konsert eller fest.

Velkomne til nye

    • Tone- Renè Gjendemsjø
      Tone kjenner vi frå tidlegare prosjekt på hornrekka
    • Tina Toklum
      Kjem rett frå ei lang karriere i Eikanger (18 år) over til oss
    • Nick Hughes
      Han kom inn i kornettrekka som vikar, men blir no fast medlem
    • Lise Marte Hagen
      Har vore med oss fleire gonger før, men er no fast medlem

Vi gler oss til å spele saman med dåke

Ny dirigent: Magnus Brandseth

 

Vår nye faste dirigent er
Magnus Brandseth.

Han vil jobbe med oss gjennom sesongen.

Korpset er imponert over Magnus sine mad-skills som dirigent og gler seg til samarbeidet.

 

NM 2019

Då er NM over for i år.
Det vart ei god helg både musikalsk og resultatmessig.
Vi er meir enn nøgde med å bli plassert som nummer fire.
Likevel er det tilbakemeldingane frå publikum og kjensla ein får i Grieghallen som er aller best..
Vårt høgdepunkt var nok framføringa av Journey Into Freedom av Eric Ball; ein klassikar!


Hjarteleg takk for alle som høyrde på!

Vi gratulerer alle vinnarar, og Eikanger – Bjørsvik Musikklag spesielt! Det er eit imponerande nivå.

This slideshow requires JavaScript.

Alle bilda i galleriet er tekne av John Vint  sjå fleire bilete her.

Her kan du få litt bakgrunnsinfo på kvifor vi valgte å spele «Journey»!

Decade

Hipp hipp hurra.. Vi feirer 10-årsjubileum! 

Det må feires:
I år har korpset satt sammen siddis-programmet med perler fra tre verdenshjørner, arrangert av musikere som mange av oss har jobbet tett med gjennom tiår.
Et virkelig A-lag; Howard Snell, Ray Farr, Svein Henrik Giske og Reid Gilje.
Vår dirigent: Bengt Florvåg

Siddis-08 var noe av det første korpset, med de noe eldre medlemmene, gjorde…
Vi spilte i kjelleren på Clarion og dirigent var Eirik Gjerdevik, som nå har avansert til tubaist i korpset..

Program

Lezghinka – 4. sats fra Khachaturian Suite

Aram Ilyich Khachaturian. Født i 1903 i Tbilisi, Georgia av armensk familie. Flyttet til Continue reading «Decade»

Bjørsvik Ung: Solo

Konsert: Bjørsvik UngSolo 
Når: 6. oktober kl. 17:00–19:00
Kvar: Lungegaardens Kulturarena, Kanalveien 90, 5221 Bergen, Hordaland
Facebook-event

bub

Unge talent framfører solo akkompagnert av Bjørsvik Brass.

I fleire år har Bjørsvik Brass arrangert Bjørsvik Ung Brass med hensikt å inspirere dei unge utøvarane.

Denne konserten har den samme visjon;
Å inspirere dei unge talenta,
som igjen inspirerer dei yngre talenta,
som igjen inspirerer dei endå yngre talenta,
som igjen inspirerer dei endå, endå yngre talenta,
som igjen inspirerer dei endå, endå, endå yngre talenta…

Vi kjem med meir informasjon om solistar og program framover, og kan love inspirasjon og ei god stund til alle som kjem…

Gratis for skulekorpsmedlemmar, naturlegvis!

Bariton Lechner

Vår soloeuphonist, Tormod Flaten , tek oss med på oktoberfest i Tyrol under årets Siddis Brass. Han skal framføre Bierstube-favoritten Bariton Lechner. Dette er populær Oberkrainer musikk, ein sjanger av valsar og polkaer med opphav i Slovenia.

Her kan du sjå stykket spelt av Tormod og Sjøforsvarets Musikkorps på Torgallmenningen i juni. Vi snakkar skikkeleg briljant ompa!

 

tormod1
Foto: Magnus Brandseth

Les meir om Tormod her.