Bjørsvik traskar Via Appia – med ein svenske i front

Bjørsvik Brass stiller i Siddis Brass med gammalt program, men med ny musikalsk leiing.

Det er ikkje første gongen Andreas Hanson dirigerer Bjørsvik Brass, men det er første gongen som musikalsk leiar for korpset.

image02

Svensken og vi har rett og slett funne tonen.

– Det er rein glede å få dirigere bandet, seier Hanson.
– Så mykje erfaring samla. “Golden oldies” speler “golden oldies”, seier Hanson og smiler etter nok ei øving på eit ukristeleg tidspunkt, helga før Siddis.
I korpset vårt er fleire musikantar opptatt med å dirigera eller spela i andre korps. Når vi heller ikkje har eigne øvingslokale, må vi øva på tidspunkt andre korps ikkje øver.
Men det gjer Bjørsvik gjerne. Dei fleste av medlemene har bakgrunn frå Eikanger-Bjørsvik på 1980-, 90- og 2000-talet. Når Siddis nærmar seg, luktar dei sagmugg.

– Vi er som sirkushestar, seier esskornettist Frode Rydland.
Han ler. Det er generelt god stemning når Hanson er i lokalet.

– Hanson er den rette for oss no, seier Tormod Flaten, soloeufonium og styremedlem i Bjørsvik.
– Vi er gamle i gamet, og vi likar å spela musikk som ikkje så mange speler lenger. Hanson er på lag med oss der, legg han til.

Hanson er mellom anna musikkdirektør i Forsvarets stabsmusikkorps. Han studerte trompet og direksjon ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Hanson har óg studert direksjon i Storbritannia under Sir Andrew Davis, med praksis ved The Royal Opera, Covent Garden.

I Siddis Brass speler Bjørsvik “Le Carnaval Romain” av Hector Berlioz, i det klassiske arrangementet til Frank Wright. Grethe Tonheim er debutant i korpset og skal vera trombonesolist i “The Moon’s a harsh mistress”, udøydeleggjort av Radka Toneff, arrangert av Reid Gilje. Bjørsvik stikk til Argentina og speler “La Muerte del Angel” av Astor Piazzola, arrangert av vår eigen principal Svein Henrik Giske. Og så, til slutt, ein ekte Siddis-klassikar: 4. sats frå Roms Pinjer, Ottorino Respighi, arrangert av korpsets ven og mentor Howard Snell.

Vi gler oss. Snakkast i Stavanger konserthus!

 

image00 image01  image04 14881228_10154555066051093_2070685115_o

Advertisements

One Reply to “Bjørsvik traskar Via Appia – med ein svenske i front”

  1. Heisann alle venner i Bjørsvik – dette høres utrolig kjekt ut. Lykke til i Siddis! Hilsen fra Texas-Tore (fremdeles litt Tuba-Tore også)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s