Dirigent: Andreas Hanson

Vi i Bjørsvik er så heldige at vi har fått Andreas Hanson som dirigent til NM 2014.

Andreas har mellom anna jobba med Sjøforsvarets musikkorps og andre norske korps som Eikanger-Bjørsvik Musikklag.

Den svenske Andreas Hanson er oppvaksen i ein familie med sterke musikalske tradisjonar blant anna frå Frelsesarmeen. Han starta først som trompetstudent ved Kungl. Musikkhögskolan i Stockholm, og gjekk deretter over på dirigentstudiet. Han har dirigert det meste av svenske orkestre og korps, blant anna Sveriges Radios Symfoniorkester, Malmö Symfoniorkester, Helsingborgs Symfoniorkester, Umeå Symfoniorkester, Kungliga Operaen i Stockholm og Dalasinfoniettan – og har i ei årrekkje vore engasjert som kunstnarleg leiar for Marinens Musikkår i Karlskrona. Han dirigerer jamnleg Forsvarets Musikkorps Vestlandet og har jobba med fleire andre norske korps på høgt nivå.
(ebml.no)

Du kan lese meir på wikipedia.
Vi gledar oss til neste helg!

Advertisements
Dette innlegget vart posta under Konsert, Nyhende og merkt . Bokmerk permalenkja.